Utstyr

Varmekjelder til matlaging

Kvistbrennar i bruk.

Kva brennarar blir brukte til turmatlaging? Gass, multifuel, kvistbrennar og bål — pluss generelle tips til trygg bruk og kjøkkenutstyr.

Det finst mange ulike varmekjelder for å lage mat på tur, og til forskjellig bruk.

Tips til trygg bruk

  • Fyr brennaren ute. Betre ventilasjon, og lettare å sløkke ein eventuell brann. Brennaren produserer kullos, ein giftig gass som er dødeleg om du får i deg nok.
  • Skal du bruke brennar i teltet, gjer det i forteltet med god avstand til teltduken. Ha kniv tilgjengeleg så du kan skjere deg ut viss det brenn (Pettersen, 2020).
  • Sett brennaren stødig der han ikkje lett blir velta.
  • Ha vatn eller snø lett tilgjengeleg for å sløkke ein flamme ute av kontroll.
  • Sovne aldri frå ein brennar som er på.
  • Demonter brennaren etter bruk så han ikkje kan lekke gass eller bensin.
  • Ha med reservedelar.

Brennartypar

Valet av brennar avheng av sesong, vekt, kor lett du vil ha det å bruke, og kor mykje brensel du må bere. Gassbrennarar er enklaste val for sommarturar; bensin/multifuel for vinter; kvistbrennar for sporlaust bål-alternativ; og bål når du vil bere minst mogleg.

Fyrtøy

Du kjem ikkje langt med oppfyring utan eit antenningsverktøy. Tre alternativ:

  • Fyrstikker — tradisjonelt mest populært. Må haldast heilt tørre. Blir stripen på øsken fuktig, får du aldri fyr.
  • Lighter — vanlege 1-lighterar fungerer godt og er lette å halde tørre nok til å få fyr. Skulle han bli våt, får du rista og tørka han raskt.
  • Tennstål — slår gneist. Flott til å fyre opp gass, men krev god og tørr opptenning til bål.

Kjelar, fat og bestikk

Kokeutstyr og bestikk.
Døme på kva du treng av kokeutstyr og bestikk. Ein svamp er eit godt alternativ til oppvaskkost. Foto: Ola Njå Bertelsen, Snuitide

For éin person held det med ein liten kjele på rundt 1 liter — vid nok til at du kan steike i han, og slepp eiga panne. For 1–3 personar fungerer eit kjelesett med to kjelar på rundt 1,5 liter. For 3–5 personar bør du gå opp ein liter; fleire enn det krev fleire sett.

Non-stick eller ikkje? Praktisk, men belegget består av miljøskadelege fluorkarbonar som etter kvart løsnar og blir spreidde i naturen. Alternativet er kjelar utan — krev meir tilsyn for å unngå at maten brenner seg, men er betre for miljøet.

Bestikk — for frysetørka turmat og havregraut held det med ei skei. Elles gaffel og kniv òg. Kniv og gaffel bør vere metall (tre/plast fungerer ikkje). Titan er haldbart men dyrt. Kniven kan erstattast med den vanlege turkniven din viss du tel gramma.

Fat — alltid nyttig. Vel mjuk plast — dei varer evig, er lette og rimelege. Trefat brekk lett.


Tekst: Bjørn Henrik Stavdal Johansen og Gina Wigestrand, Snuitide (2021)