Utstyr

Langtursekk

Med 110-liters anatomisk langtursekk på ein trevekers tur i Finnmark.

Stor sekk på 80–130 liter for turar over ei veke utan moglegheit til å skaffe ny proviant. Anatomisk eller pakkramme — valet styrast av kor tung oppakninga blir.

På lengre turar der du ikkje kan skaffe ny proviant på vegen, må sekken romme meir. Desse store sekkene får ei høgare eigenvekt på grunn av storleiken og det kraftigare beresystemet.

Storleik

På turar over meir enn ei veke er det sekker på 80–130 liter som blir aktuelle.

110-liters anatomisk ryggsekk.
110-liters anatomisk ryggsekk. Foto: Bjørn Henrik Stavdal Johansen

Beresystem: anatomisk eller pakkramme?

Det er først i denne storleiksklassen at valet mellom dei to grunnformene for beresystem blir eit reelt val — mindre sekker er stort sett anatomiske.

Anatomiske sekker har fleire justeringsmoglegheiter, er lettare og sit betre på ryggen. Dei følgjer rørslene til kroppen, noko som er meir behageleg på lettare sekker, men du opplever det som tyngre å bere når sekken blir skikkeleg tung. Dei største (70–120 liter, 2–4 kg) klarer 25–35 kg utan for mykje ubehag. Krev meir gjennomtenkt pakking (vektfordeling) og er generelt klammare på ryggen. Mange produsentar har eigne damemodellar med kortare ryggstykke, smalare skulderstroppar øvst og breiare hoftebelte.

Pakkrammesekker har eit kraftig beresystem i metall og er heilt avstiva av ei metallramme (beremeis). Høgare eigenvekt (4–5 kg), men langt meir stabile å bere — eignar seg spesielt godt for svært tunge bører og toler ofte over 35 kg. Sekkeposen kan som regel takast av for å bere uhandterlege ting som felte dyr, ved eller vasskanner. Finst òg som mindre jaktsekker med integrert stolløysing.

For begge beresystema gjeld dei same krava om spesielt kraftige og polstra skulderreimar og hoftebelte.

Andre detaljar

På desse sekkene er det svært praktisk å kunne gjere om loket eller sidelommene til ein dagstursekk — gir fleksibilitet når du ligg i camp og ønskjer å ta dagsturar derfrå.