Utstyr

Sag

Samanleggbar tursag.

Samanleggbar tursag — turøksas følgjesvein. Sagar kubbar som kløyvast med øksa. Bør ha sikring og bytbart blad.

Ei tursag er turøksas følgjesvein — det er med saga du lagar kubbar som skal kløyvast med øksa.

Dei fleste tursagene blir folda inn i handtaket og er ikkje spesielt lange. Det er lurt å velje ei med blad som sagar begge vegar (både fram og tilbake). Sørg for at saga har ei form for sikring som låser sagbladet når det er spent ut — du kan skjere deg stygt om du er uheldig.

Sagblad bøyer og knekk lett. Vel derfor ei sag der bladet kan bytast ut.

Ver obs på reglar

Du har ikkje lov til å felle ståande døde tre til brensel utan grunneigarens samtykke. I mange nasjonalparkar og verneområde er ståande og liggjande dødved freda heilt. Ofte er det like greitt å la sag og øks liggje heime — kvisten du plukkar frå bakken held som regel langt.