Utstyr
Multiverktøy
Praktisk reparasjons-reiskap (Leatherman og liknande) som typisk har kniv, saks, tong, boksopnar og skrutrekkar i eitt. Vel etter behov og vekt.
Multiverktøy som Leatherman og liknande kan vere praktisk på tur. Det gir deg mange moglegheiter til å reparere og fikse utstyr undervegs.
Typisk har slike verktøy kniv, saks, tong (kombinert avbitar og knipetong), boksopnar og skrutrekkar som eit minimum. Enkelte har mykje meir enn dette.
Jo fleire verktøy som er implementert, desto tyngre blir reiskapet. Vurder kva du faktisk vil bruke det til — og kor mykje vekt du er villig til å bere.