Utstyr
75 mm 3-pinbinding
Klassisk solid binding med tre piggar som låser skotuppen. Best kontroll i bakkar, mindre rørsle flatt — særleg god med vidje (telemarksbinding).
Namnet kjem av breidda på skotuppen som passar i bindinga — 75 millimeter. 3-pin (òg kalla 3-punkt) siktar til dei tre piggane i bindinga som passar i tre hol i skotuppen.
Skoen blir sett i bindinga og ei metallbøyle blir spent over den forlenga skotuppen. Piggane låser skoen i posisjon under bøyla.
Med eller utan vidje
Vidje (eller kabel) er eit feste som blir spent bak hælen på skiskoen i tillegg til festet i front. Gir langt betre svingkontroll når du køyrer i bakkar. 75 mm-bindingar med vidje blir ofte kalla telemarksbinding.
Fordelar
- Mest solid av dei vanlege bindingane — få rørlege delar
- Best kontroll når du går utanfor løyper og køyrer i bakkar
- Telemarksvarianten gir uovertruffen svingkontroll
Ulemper
- Mindre rørsle i foten — tyngre å gå flatt med enn BC
- Stadig dårlegare utval av skisko som passar denne bindinga
- Ein aldrande teknologi som mistar utbreiing