Utstyr
Dunsovepose
Soveposar med dunfyll. Lettare og pakkar mindre enn syntet — men sårbar for fukt, dyrare, og krev etisk vurdering av dunproduksjon.
Dunposar er lettare enn syntetposar i forhold til varmeevne, og pakkar som regel langt mindre. Det er hovudgrunnane til at dun er populært på lange og krevjande turar der vekt og plass tel.
Kva tyder dei ulike merkingane?
På dunsoveposar ser du typisk fire produktdetaljar som fortel noko om kvaliteten:
Duntype. Andedun eller gåsedun — eller ei blanding. Gåsedun er varmast og dyrast; andedun er omvendt. For dei fleste turar er forskjellen liten i praksis.
Fordeling dun/fjør. Fyllet er som regel ei blanding. Fjør er billegare men har lågare isoleringsverdi. Ein god sovepose har minst 80 % dun. Står det «90/10» tyder det 90 g dun per 100 g fyll.
CUIN (fill power). Måleeininga for spensten i dunet. Høgare = betre isolasjon per gram. 550–750 CUIN reknast som svært god kvalitet, alt over 750 som utmerka.
Sertifisering. Dunproduksjon har ei mørk historie med levande plukking og tvangsfôring. Sertifiseringar som RDS (Responsible Down Standard) garanterer at dunet kjem frå fuglar i kjøttproduksjon — biprodukt frå allereie slakta dyr — ikkje frå dårleg dyrevelferd. Vel sertifisert dun.
Tommelfingerregel
Ein rimeleg dunpose har ofte andedun, høg fjør-andel, låg CUIN og er sjeldan sertifisert. Ein dyr dunpose ligg i den andre enden: gåsedun eller god blanding, ≥90/10, høg CUIN, sertifisert.
For praktisk bruk: forhald deg til oppgitt komforttemperatur sett mot vekt. Det fortel meir enn detaljane i datablad.