Utstyr
Multifuel-/bensinbrennar
Brennar som kan fyrast med bensin, parafin og av og til gass. Den beste for vinterturar — brenn reint og effektivt i kulde.
Bensinbrennarar — òg kalla multifuelbrennarar — er det beste alternativet for bruk på vinterturar. Dei tek noko større plass enn gassbrennarar, men brenner reint og effektivt sjølv i streng kulde.
Brennaren blir fyra med ulike drivstoff. Bensin og parafin er det vanlegaste. I tillegg kan ein del av desse brennarane fyrast med gass.
Ulempa er at brennaren må forvarmast før bruk — nokre sekund ekstra rutine samanlikna med gassbrennaren. Til gjengjeld får du påliteleg varme i temperaturar der gass nesten ikkje fungerer.