Utstyr

Skumunderlag

To forskjellige liggjeunderlag av skumtypen.

Robust og billig liggjeunderlag som toler mykje. Det sjølvskrivne valet om du berre skal ha eitt underlag — men kan kombinerast med andre på kalde turar.

Viss du berre skal ha eitt underlag, er det denne typen du skal ha. Skumunderlag toler mykje, er billege og lette å reingjere. Dei finst i ulike variantar — både heilt flate og med former som gir meir isolasjonsevne.

Fordelen er at dei ikkje kan punktere, og toler ein del slitasje utan å miste isoleringsevne. Dei fungerer fint under alle forhold, men kan bli i snauaste laget når det blir kaldt — då bør du kombinere fleire.

Skumunderlag med stor pakkstorleik.
Skumunderlag veg ikkje så mykje, men tek over dobbelt så stor plass som dei nye oppblåsbare liggjeunderlaga. Foto: Ola Njå Bertelsen, Snuitide