Utstyr

Øks

Øksa med på tur.

Tungt verktøy som ofte ikkje trengst på tur. Men nyttig på turar der du legg opp til bålfyring og må kløyve ved.

Økser er tunge turreiskaper som ein ofte ikkje treng. Ei turøks kan likevel vere nyttig på turar der du legg opp til mykje bålfyring — då er det greitt å kunne kløyve veden.

Ei passe turøks bør ikkje vere for stor — det skal vere mogleg å pakke ho med — men samtidig vere tung nok og ha langt nok skaft til å skape moment. Små lette økser med kort skaft er lettare å skade seg med, og dårlegare eigna.

Ei passe turøks er ikkje lengre enn dagstursekken, men lang nok til å vere anvendeleg. Øksehovudet bør ha nok tyngde til å enkelt kløyve ved.

Farleg verktøy

Som med alle skarpe reiskaper: bruk øksa vendt vekk frå folk. Sving aldri ei øks mot andre menneske — øksehovudet kan losne frå skaftet og treffe nokon.

Øksa bør ikkje vere altfor skarp. Hogg du deg i foten med ei skarp øks, er katastrofen total. Med ei sløv øks slepp du kanskje unna med blåmerke.