Utstyr

Kniv

Kniven treng ikkje vere spesielt lang.

Ein god turkniv ligg godt i handa, har eit passe kort blad og er skarp. Den knivet du har full kontroll over, er den beste.

Ein god turkniv ligg godt i handa. Bladet bør ikkje vere for langt — det gir deg mindre kontroll. Ein god regel: når du held i skaftet, skal tommelen gå minst 2/3 opp ryggen av knivbladet. Skal du primært bruke han til spikking, er kortare ideelt. Kniven er eit verktøy ein alltid bør ha med seg på tur.

Knivar kjem i eit enormt utval, og det er lurt å kjenne på kniven i handa i butikken. Korleis kjennest han? Får du godt grep?

Bruk av kniv

Ein kniv skal alltid reknast som eit farleg reiskap. Bruk han vendt frå kroppen og frå alle som er i nærleiken. Kniven skal vere mest mogleg i ro i handa som kviler på kneet. Tommelen skal ligge opp langs knivryggen for å kontrollere bladet. Det er emnet du skjer i som blir flytt og jobba med.

Sløve knivar er farlege knivar

Dei knivane ein oftast skjer seg på er dei sløve. Når kniven ikkje bit, må du bruke meir makt — og glepp det, treffer du sjølv eller andre med større styrke. Ein skarp kniv skjer effektivt og krev mindre press.

Hald kniven skarp med jamlege skjerpingar. Det finst enkle, «idiotsikre» skjerpereiskaper — betre å bruke desse enn å gå laus med skjerpestål eller slipestein om du ikkje veit kva du gjer. Blir kniven heilt sløv, må du slipe opp ei ny egg på ein roterande slipestein.

Lange knivar

Det finst ulike store/lange knivar med tyngdepunktet langt ut på bladet. Dei vanlegaste i Noreg er sameknivar. Desse er ikkje gode til spikking, men best som hugg-reiskap for smale raier og kvist. På lange turar kan dei delvis erstatte både kniv og øks, og dermed spare vekt.