Utstyr
Kvistbrennar (bålbrennar)
Liten metallboks som blir fyra med småkvist. Tryggaste måten å lage mat på bål — konsentrert varme, mindre brensel, meir sporlaus enn vanleg bål.
Kvistbrennarar — òg kalla bålbrennarar — er lette metallboksar du fyrer eit lite bål av småkvist i. Den tryggaste måten å fyre bål på, og svært effektive til matlaging fordi varmen blir konsentrert.
Brennarane har blitt vanlegare dei siste åra. Dei blir fortare varme enn eit vanleg bål og treng mindre brensel. Meir sporlause enn vanleg bål, fordi dei har mindre overflate og svir av mindre av grunnen dei står på. Miljøvenlege: du fyrer med kvistar og kongler du finn i naturen og slepp å ta med brensel.
Ulemper:
- Sotar ein del — kjelane blir svarte
- Fungerer dårleg i mykje regn
- Kan vere utfordrande å finne brennbart materiale på vinteren og i vått vêr
- Krev aktiv oppfølging — fyrer du for hardt får du mykje flammar og sot, fyrer du ikkje nok døyr flammane ut