Utstyr

Reinskinn

Naturprodukt med god isoleringsevne (R-verdi rundt 4). Best som supplement til skumunderlag — særleg i gapahuk framfor bål om vinteren.

Reinskinn er eit naturprodukt med god isoleringsevne. Effekten kjem av reinsdyrets hole hår — som er stive og held isoleringa oppe. R-verdien ligg rundt 4, og skinnet er breitt nok, men ofte litt kort i lengda. Derfor fungerer det best som supplement til eit skumunderlag.

Eit reinskinn er eit godt val når du skal sove i gapahuk framfor bål vinterstid.

Tørka eller garva?

  • Tørka er det mest haldbare for utebruk — men kan lukte meir av dyr.
  • Garva luktar ikkje, men slepp håra lett og har dermed kort haldbarheit.

Eit tørka reinskinn er ikkje spesielt tungt, men det er stort og upraktisk i pakkstorleik — best på pulken om vinteren.