Utstyr

Sekk

Vandresekker pakka for tur.

Korleis velje sekk: kva du må tenkje på, og typar etter turlengd — frå dagstur til ekspedisjon.

Først og fremst er det viktig å tenkje på tre ting:

  • Sekken må passe deg.
  • Beresystemet må kunne tilpassast kroppen din og tole vekta du skal bere.
  • Storleiken skal passe lengda på turen og mengda bagasje.

Det er med tursekker som det er med sko — dei må passe personen som skal bere dei. Prøv dei alltid i butikken med vekt oppi før du kjøper.

Typar

Sekken blir typisk kategorisert etter storleik — som igjen blir styrt av turlengd og kor mykje du må bere med deg. Dagstursekken skal vere allsidig nok for kortare turar i nær- og fjellnatur. Vandresekken er den klassiske storleiken for overnattingsturar opp til ei veke. Langtursekken kjem inn på lengre ekspedisjonar der du må bere proviant og utstyr for fleire veker.

For dei fleste vil ein god vandresekk vere den sekken som dekkjer mesteparten av turbehovet. Dagstursekken er ei logisk supplering for kortare turar, medan langtursekken er for spesialformål.

Tilpassing

Losne alle stroppar først. Med sekken på ryggen, fest hoftebeltet på hoftekammen. Juster skulderstroppane opp/ned og stram dei slik at dei følgjer bogen til skuldra og belastar jamt. Stram toppstrammarane og eventuelle sidestrammarar på hoftebeltet for å trekkje sekkeposen nærmare kroppen. Viss sekken ikkje er full, bør han ha tilstrekkeleg med kompresjonsreimar i sidene.


Tekst og bilete: Bjørn Henrik Stavdal Johansen, Snuitide (2022)