Utstyr

Dagstursekk

Dagstursekken bør fungere like godt til fjellturar som til fisketurar i skogen.

Allsidig sekk på 30–50 liter for kortare turar. Bør komprimere godt sjølv med lite innhald, og ha plass nok for hytte-til-hytte-turar.

Dagsturar kan vere alt frå ein rusletur i nabolaget til ein luftig topptur i Jotunheimen. Variasjonen gjer at ein dagstursekk ideelt sett bør vere allsidig nok til å passe ei rekkje ulike aktivitetar.

Storleik

Ein god dagstursekk bør liggje på rundt 30–50 liter. Betre med ein sekk som kan brukast til ulike aktivitetar, enn å ha éin sekk for kvar aktivitet.

Dagstursekk med utstyr festa på utsida og under loket.
På ein god dagstursekk er det mogleg å feste utstyr på utsida og under loket — i tillegg til at det er tilstrekkeleg plass i hovudrommet. Foto: Bjørn Henrik Stavdal Johansen

Komprimering og utviding

Sidan dagstursekken er ein sekk du bruker i mange ulike situasjonar, vil du oppleve at han ikkje alltid blir fylt opp. Utan gode komprimeringsmoglegheiter heng han som ei slapp lefse på ryggen. Andre gonger blir han fylt til randa; eit lok som kan hevast (festa med reimar som kan slakkast i alle kantar) gjer dagstursekken såpass anvendeleg at han òg kan brukast på hytte-til-hytte-turar.

Beresystem

Sjølv ein dagstursekk vil kjennast tung på lange turar. Godt polstra skulderreimar og eit kraftig hoftebelte med gode justeringsmoglegheiter utgjer forskjellen på ein vond og ein god dagstursekk.

Andre detaljar

Ytre lommer og moglegheiter til å feste utstyr er viktig: feste for ishakke, stavar eller fiskestong, og lommer med plass til regnklede og vassflaske.