Utstyr
Vandresekk
Sekk på 50–80 liter for overnattingsturar opp til ei veke. Den vanlegaste sekkestørrelsen for fjellturar med telt eller hytteovernatting.
Vandresekker er større sekker for overnattingsturar på opptil ei veke i sommarhalvåret. Sekken må romme grunnutrustinga for overnatting, i tillegg til mat og eventuell brensel. Når sekken rommar meir, aukar krava til berekomfort.
Storleik
Sekken bør romme 60–80 liter. Ofte ser vi at damesekker er mindre enn herresekker — sjølv om kvinner gjennomsnittleg treng varmare sovepose og klede enn menn, noko som aukar volumet i oppakninga.
Komprimering og utviding
Variasjonen i oppakninga dreier seg som regel om forbruksvarer (mat, brensel) som tek mindre plass undervegs i turen. Dermed treng vi å kunne komprimere sekken for å få oppakninga tettast mot ryggen. Eit lok som kan hevast er òg viktig — under loket pakkar vi gjerne liggjeunderlag eller telt.
Beresystem
Skulderreim og hoftebelte skal vere godt polstra og lette å stille inn. Det er eit pluss om rygglengda og breidda mellom skulderreimane kan stillast inn. Sekken bør vere avstiva i ryggen for å gi auka støtte.
Andre detaljar
Større ytre lommer på sider, front og topplok er praktisk — du vil kunne fikse lunsjmat, regnklede eller vassflaske utan å hente noko i hovudrommet. Bør òg vere mogleg å feste utstyr som ikkje får plass i sekken (t.d. ei fiskestong).