Utstyr
Liggjeunderlag
Korleis velje liggjeunderlag: isoleringsevne (R-verdi), typar, og kvifor liggjeunderlaget ofte er viktigare enn soveposen.
Tenk gjennom kva du treng liggjeunderlaget til før du kjøper.
Isoleringsevne — R-verdi
Eit varmt liggjeunderlag er viktigare enn ein veldig varm sovepose. Liggjeunderlaget tek opp langt meir kulde frå bakken enn soveposen kan gjere frå lufta. Soveposen har ingen effekt der du ligg på han (isolasjonen blir klemd flat), så all varme under deg må komme frå isoleringa i liggjeunderlaget.
Kvaliteten på liggjeunderlag handlar først og fremst om R-verdien — som fortel kor godt underlaget held deg varm. Tabellen under viser kva lågaste komfortable temperatur R-verdien tilsvarar:
| R-verdi | 0,7 | 1,5 | 2,1 | 2,9 | 3,2 | 4 | 4,6 | 5,9 | 8 |
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| Temperatur (°C) | 11 | 8 | 2 | −2 | −5 | −11 | −15 | −24 | −38 |
På kalde vinterturar kan det lønne seg å kombinere fleire underlag — R-verdiane blir lagde saman. To underlag på 1,5 gir altså R-verdi 3, som fungerer på rundt –3 til –4 °C.
Typar
Det finst hovudsakleg tre typar liggjeunderlag: skumunderlag, sjølvoppblåsbart og oppblåsbart. I tillegg kan reinskinn brukast som eit naturalternativ — særleg som supplement vinterstid.
Skumunderlag er det robuste, billege og uømtålige alternativet — trygt val som ditt einaste underlag. Oppblåsbare underlag gir best komfort og varme, men kan punktere — derfor bør du alltid ha eit skumunderlag i bakhand. Sjølvoppblåsbart ligg mellom dei to i pris og isolasjon. Reinskinn fungerer best i kombinasjon, ikkje åleine.

Oppblåsbart liggjeunderlag
Lett og pakkbart liggjeunderlag som blæs opp med pumpe eller pumpepose. Isolerte variantar er dei varmaste — men òg dei dyraste, og kan punktere.
Reinskinn
Naturprodukt med god isoleringsevne (R-verdi rundt 4). Best som supplement til skumunderlag — særleg i gapahuk framfor bål om vinteren.
Sjølvoppblåsbart liggjeunderlag
Liggjeunderlag med ventil som ekspanderer og blæs opp seg sjølv. Lågare pris enn reint oppblåsbare, men typisk tyngre i forhold til isolasjonsverdi.

Skumunderlag
Robust og billig liggjeunderlag som toler mykje. Det sjølvskrivne valet om du berre skal ha eitt underlag — men kan kombinerast med andre på kalde turar.
Tekst: Bjørn Henrik Stavdal Johansen og Gina Wigestrand, Snuitide (2021)