Utstyr

Fjellstøvel

Fjellstøvel i god, gammaldags stil.

Stive støvlar som når litt over anklane — gir god støtte utan å bli for tunge. Den vanlegaste turstøvelen for fjelltur.

Fjellstøvlar er typisk relativt stive støvlar som når litt over anklane. Dei er høge nok til å gi god støtte, men låge nok til å halde vekta nede. Det er den mest populære turskoen, og den typen det finst klart mest å velje blant.

Fordelen er låg vekt. Men det lågare skaftet gjer dei meir utsette for å ta inn vatn ved bekkekryssing eller plumping. Fjellstøvlar er eit godt val for turar med mykje stigning og mellomstor oppakning. Dei fungerer dårlegare i område med mykje vegetasjon, der ein lett får mykje kvist og kvast i skoen.

Klassiske kraftige fjellstøvlar i beksaumstøvel-stilen.
Klassiske kraftige fjellstøvlar i beksaumstøvel-stilen. Foto: Bjørn Henrik Stavdal Johansen
Lette og låge fjellstøvlar i nubuk-lêr.
Lette og låge fjellstøvlar i nubuk-lêr. Foto: Bjørn Henrik Stavdal Johansen
Fjellstøvlar av kunstmateriale.
Fjellstøvlar av kunstmateriale. Foto: Bjørn Henrik Stavdal Johansen