Utstyr
Sovepose
Kva sovepose treng du? Sesongtypar og temperaturar, fyll (dun mot syntet), og kvifor du bør låne ein før du kjøper.
Soveposen er blant det viktigaste utstyret for gode turopplevingar. Ein god sovepose er forskjellen på god eller dårleg søvn — og dermed evna di til å samle krefter frå dag til dag.
Sesong som inngang
Soveposar blir ofte merka etter sesong. Det er den enklaste måten å starte når du leitar:
- Sommarpose — komforttemperatur rundt +5 til +10 °C. Lett og tynn. Fungerer for sommarnetter i lavlandet eller campingturar i mildare klima. For lett til dei fleste norske fjellovernattingar.
- 3-sesongspose (vår/sommar/haust) — komforttemperatur rundt −5 til +5 °C. Den vanlegaste posen og det tryggaste valet for dei fleste norske turar frå mai til oktober. Held deg varm gjennom typiske turforhold.
- Vinterpose — komforttemperatur frå −5 °C og kaldare. Tyngre, meir fyll, ofte med ekstra detaljar som lukka fothall, halskrave og hette. Nødvendig for telttur i fjellet utanfor sommarhalvåret.
På kalde vinterturar kan du òg bruke to soveposar i kvarandre i staden for å kjøpe ein eigen vinterpose — to 3-sesongs gir varmen til ein god vintervariant.
Temperaturskalaen forklart (EN 13537)
Sesongmerkinga over er praktisk shorthand. Den europeiske standarden EN 13537 gir den presise versjonen — tre tal som blir oppgitt på posen:
- T-Comfort — temperaturen dei fleste vil sove komfortabelt i. Hald deg til denne når du vel.
- T-Limit — overgangen frå komfort til risiko. Nokon søv komfortabelt her, andre fryser.
- T-Extreme — punktet der du på ingen måte har ei behageleg natt. Fare for nedkjøling. Gjennomsnittskvinner kan tole seks timar her utan å fryse i hel.
Det er kjønnsforskjell — lågaste komforttemperatur er lågare for menn enn kvinner. Sjekk kva som gjeld for deg, og vel gjerne ein litt varmare pose enn du trur du treng.
Dun eller syntet?
Det finst i hovudsak to fyll på marknaden — kvar med sine fordelar og ulemper. Hovudforskjellen blir tydeleg når posen blir våt:
Dun gir best vekt-til-varme, men kollapsar når han blir våt og mistar isoleringsevna. Syntet er tyngre og meir plasskrevjande, men held rundt 50 % av isolasjonen i våt tilstand.
Dunsovepose
Soveposar med dunfyll. Lettare og pakkar mindre enn syntet — men sårbar for fukt, dyrare, og krev etisk vurdering av dunproduksjon.

Syntetisk sovepose
Soveposar med kunstfiber-fyll. Tyngre og meir plasskrevjande enn dun, men billegare, meir slitesterke og held isoleringsevna langt betre når dei blir våte.
Lengd og form
Soveposen bør vere passe lang — du skal kunne ligge strekk ut utan at det blir trongt i fotenden. Er han for lang, snurp han igjen i botn til rett lengd, elles blir det kaldt frå den tomme luftlomma.
Tekst: Bjørn Henrik Stavdal Johansen og Gina Wigestrand, Snuitide (2021)