Orientering

GPS

GPS er eit nyttig supplement til kart og kompass, men erstattar det ikkje. Lær å bruke GPS på tur.

Innhald

GPS er kjekt å ha i tillegg til kart og kompass. Foto: Ola Njå Bertelsen, Snuitide

GPS.

I dag har vi mange gode hjelpemiddel for å finne fram. I byen bruker mange GPS på telefonen, og det finst eigne GPS-ar til turbruk.

GPS er ei forkorting for Global Positioning System. Satellittar går i bane rundt jorda. GPS-en får signal frå desse og bereknar kva posisjon vi er på. Når denne posisjonen blir plassert på eit digitalt kart, har vi eit godt hjelpemiddel for å finne ut kvar vi er, og orientere oss i terrenget.

Det er viktig å vere klar over at teknologien kan svikte. Mobilen kan gå tom for straum, vi kan mangle dekning på telefonen, eller skjermar og knappar kan fungere dårleg i kulde. I nokre område er det ikkje dekning for satellitt. Typiske stader er tronge dalar. Vi må derfor alltid ha med kart og kompass og kunne å bruke det.

Funksjonar på GPS-en

Ein GPS-mottakar får informasjon frå GPS-satellittar som krinsar rundt jorda. For å kalkulere nøyaktig posisjon bruker mottakaren trepunkts krysspeiling, som gir lengdegrad og breiddegrad. Ved kontakt med fire eller fleire satellittar kan også høgda kalkulerast. Dersom du er under tak eller på stader der terrenget blokkerer oppover, kan du få problem med å få signal frå satellittane, og derfor får du heller ingen posisjon.

GPS-mottakarar blir stadig betre, og også bruksmåtane endrar seg heile tida. Dagens GPS-mottakarar har utstyr som lufttrykkmålar for å berekne høgd eller registrere vêrforandringar, og elektronisk kompass. Dei aller fleste bereknar fart, avstand til målet og tidspunkt for når du vil vere framme. I tillegg bereknar dei opp- eller nedstigingstid. Dei fleste GPS-ar har i dag òg trykksensitiv skjerm. Dette gir ei betre brukaroppleving, men kan vere ei utfordring i kulde eller når du må bruke hanskar.

Ver merksam på at jo fleire funksjonar ein GPS har, dess meir straum går det med til å drifte han. På fleire GPS-ar er det mogleg å slå av enkelte funksjonar for å spare straum. Du må alltid hugse å ha med reservebatteri. Gløym heller ikkje at ved lågare temperaturar får batteria kortare levetid. Ikkje stol på GPS-mottakaren åleine, han er berre eit supplement til kart og kompass.

Posisjon

Hovudfunksjonen til ein GPS er å oppgi koordinatane til posisjonen du er på. Denne universelle funksjonen er ein basisfunksjon på alle GPS-mottakarar, men det er likevel nødvendig med visse førebuingar. Kontroller alltid at GPS-mottakaren du nyttar, er stilt inn på det same geodetiske datumet som det rutenettet på kartet viser, sidan GPS-mottakaren kan angi posisjonen din i forhold til mange ulike koordinatsystem.

Når du slår på GPS-mottakaren, vil det som regel ta nokre minutt før han får inn nok satellittar; den første gongen i eit nytt område kan det ta opptil fem minutt. Kor nøyaktig posisjon du får på GPS-mottakaren, er avhengig av talet på satellittar. Med mange satellittar er nøyaktigheita omtrent ein meter. Koordinatane du får frå GPS-mottakaren, bruker du så til å finne ut kvar du er på kartet.

GPS-posisjon i UTM-format vist på ei klokke. Foto: Gina Wigestrand

Waypoint-funksjon

I dårleg vêr kan metoden med GPS mot kart vere ein tungvinn måte å orientere på. Nyare GPS-mottakarar (utan kart) er derfor utstyrte med ein etappe- eller waypoint-funksjon, der du på førehand legg inn ruta du skal gå. Waypoint er eit punkt med ein gitt kartreferanse, som du oppgir på GPS-mottakaren for kvar etappe. Ved å leggje inn ruta kan du bli leidd av GPS-mottakaren til neste punkt på ruta. Du følgjer då ei pil som kontinuerleg viser retninga mot neste waypoint. Når du kjem til det avmerkte punktet, blir retninga endra mot neste punkt. Du kan sjølv endre kor nær sjølve punktet du må vere for at GPS-mottakaren skal skifte til neste. Det er viktig å merke seg at GPS-mottakaren ikkje leier rundt stup, skrentar og liknande.

Spor-funksjon

Dei aller fleste nyare GPS-mottakarar har ein funksjon som gjer at du kan lagre ruta du har gått, ein såkalla spor-funksjon. Dette kan vere nyttig i dårleg vêr og på utsette stader der du vil følgje same veg fram og tilbake. Du må spesifisere kor ofte GPS-en skal markere punkta, og dette vil avhenge av minnet til GPS-en.

Kart på GPS

Skjermane på GPS-ane blir stadig betre, med fargar, lys, høgare oppløysing og touchskjerm. Dei aller fleste smarttelefonar har òg innebygd GPS-mottakar, og saman med ein kartapplikasjon kan han nærmast fungere som ein fullverdig GPS. Det har blitt mogleg å orientere med kart på GPS-mottakaren. Etter å ha lagt inn kartet du skal bruke, vel du sjølv målestokk og kor mange detaljar som skal visast. Kartet følgjer heile tida etter posisjonen til brukaren. I teorien er dette eit veldig godt hjelpemiddel for orientering i fjellet, men GPS-mottakaren bør berre vere eit tillegg til orientering med kart og kompass. Elektronikken og batteria kan slutte å fungere under ekstreme vêrforhold. Bruk av GPS kan føre til nedsette tradisjonelle orienteringsferdigheiter med kart og kompass. Det er ikkje nødvendig å ha GPS på tur, men det er eit godt supplement som kan gi ein ekstra tryggleik i dårleg vêr.