Orientering

Krysspeiling

Krysspeiling er ein teknikk for å finne ut nøyaktig kor du er på kartet ved hjelp av kompass og to eller fleire kjende punkt i terrenget.

Krysspeiling Foto: Ola Njå Bertelsen, Snuitide

Sikt på ein fjelltopp du òg finn på kartet. Illustrasjon: K.N. Friis, Turlederboka, s. 74, Copyright 2010

Så lenge du har sikt, kan du bruke krysspeiling til å bestemme posisjonen din. Ettersom krysspeiling berre kan brukast når du har sikt, fungerer ikkje metoden når det er dårleg vêr og vanskeleg å sjå kvar vi er.

For å ta krysspeiling finn du først ein markert terrengformasjon (knaus, fjelltopp, vatn), og deretter finn du same formasjon på kartet. Sikt kompasset med marsjpila mot terrengformasjonen, og drei kompasshuset til kompassnåla ligg i nordpila på kompasshuset. No har du teke ut kompasskursen frå der du står, til terrengformasjonen. Korriger kursen for misvising og teikn han som ei rett linje på kartet, mot terrengformasjonen.

Sikt på fjelltopp nummer to som du finn på kartet. Det er òg mogleg å leggje inn eit tredje punkt. Illustrasjon: K.N. Friis, Turlederboka, s. 74, Copyright 2010

Teikn inn kursa du får, på kartet. Du er der linjene dannar eit kryss. Illustrasjon: K.N. Friis, Turlederboka, s. 74, Copyright 2010

Du er antakeleg ein stad på linja. Finn så eit nytt punkt og gjenta prosessen. Posisjonen din vil vere der linjene kryssar kvarandre. Peilinga blir mest nøyaktig når du vel terrengformasjonar som gjer at linjene skjer normalt på kvarandre (Unger, 2010).

Som ein kontroll kan du ta ut ein tredje kurs, og dei tre linjene vil som regel danne ein trekant på kartet. Du er mest sannsynleg inne i denne trekanten.