Orientering

Ekvidistanse og målestokk

Dei brune linjene på kartet er høgdekurver som viser høgdeforskjellen i terrenget. Jo tettare det er mellom kurvene, dess brattare er terrenget.

[Korleis fungerer eit kart.

Korleis fungerer eit kart.

Dei brune linjene på kartet er høgdekurver som viser høgdeforskjellen i terrenget. Jo tettare det er mellom kurvene, dess brattare er terrenget.

Ekvidistansen fortel kor stor høgdeforskjell det er mellom kvar kurve. På eit turkart i målestokken 1 : 50 000 er ekvidistansen 20 meter. Det betyr at dersom vi har flytta oss oppover i terrenget frå den eine streken til den neste, er høgdeforskjellen 20 meter. Jo fleire meter i ekvidistanse, dess mindre detaljert er kartet.

Det står alltid på kartet kva ekvidistansen er.

](../../Innhold/Orientering/Ekvidistanse%20og%20m%C3%A5lestokk/Untitled.png)

Høgdekurver. Illustrasjon: Romary

MålestokkAvstand i terrengBruksområdeInformasjon
1 : 100 0001 cm = 1 kilometerPlanleggingGir svært lite detaljar og er vanskeleg å gå etter i kupert terreng.
1 : 50 0001 cm = 500 meter
2 cm = 1 kilometerFjellturVanleg målestokk på turkart, men ver obs på at mindre stup (10–15 meter) ofte ikkje er synlege på kartet.
1 : 25 0001 cm = 250 meter
4 cm = 1 kilometerNærtur, dagstur i fjelletFleire og fleire turkart over populære turområde i nærmiljøet har denne målestokken. Gir ofte gode detaljar, men er tungvinne å bruke om du skal gå langt (må ha med ein del fleire kart).
1 : 10 0001 cm = 100 meter
10 cm = 1 kilometerOrientering og korte turar i nærmiljøetVanleg orienteringskart som er svært detaljert og viser både steinar og stup.

Ulike kart med kartgrunnlag, målestokk og ekvidistanse

Nordeca, 2014, Norge-serien, turkart Hemsedal, 1 : 50 000 (Copyright Nordeca)

Turkart Svalbard, 1 : 50 000

Nordeca, padlekart/nærmiljøturkart Stavanger, 1 : 25 000 (Copyright Nordeca)

Statens kartverk, M711-serien, Hardangerjøkulen 1 : 50 000 (Copyright Statens kartverk). NB! Denne kartserien er utgått og er ikkje lenger å få kjøpt i butikk!