Orientering
Kompasskurs
Kompasskurs bruker vi når vi treng å vite kva retning vi skal gå i. Det kan vere dersom vi har få leielinjer å følgje, terrenget er einsarta og ope eller det er tåke og dårleg sikt.
Kompasskurs bruker vi når vi treng å vite kva retning vi skal gå i. Det kan vere dersom vi har få leielinjer å følgje, terrenget er einsarta og ope eller det er tåke og dårleg sikt.
[Ta ut kompasskurs.
Ta ut kompasskurs.
Slik tek du ut og går ein kompasskurs
Oversikt over dei ulike delane på kompasset. Foto: Ola Njå Bertelsen, Snuitide
-
Legg kompasset slik at kanten på kompasset følgjer den rette strekninga frå den staden du står, til den staden du skal. Pass på at marsjpila peikar i den retninga du skal gå.
Foto: Ola Njå Bertelsen, Snuitide
-
Vri kompasshuset så linjene i kompasshuset blir parallelle med nord–sør-linjene på kartet (det blå rutenettet). Pass på at nordpila i kompasshuset peikar mot nord på kartet. Nord er oppover på kartet når kartet ligg slik at du kan lese orda.
Foto: Ola Njå Bertelsen, Snuitide
-
Hald kompasset flatt i handa. Den raude kompassnåla vil svinge fritt og stille seg inn så ho peikar mot nord. Drei kompasset til kompassnåla ligg saman med den raude nordpila.
-
No peikar marsjpila i den retninga du skal gå. Sikt inn eit punkt som ligg i den retninga marsjpila peikar. Gå dit og finn eit nytt siktepunkt.
Foto: Ola Njå Bertelsen, Snuitide
NB! Nokre gamle orienteringskompass har 400 grader på gradeskiva. Sjekk alltid at alle har 360-graderskompass før de tek ut kurs, elles vil de få ulike kursar.
Nokre tips til kompasskurs
- Hugs at marsjpila alltid skal peike mot målet (staden du skal til).
- Ver nøye når du tek ut kursen.
- Det er fort gjort å få fleire grader feil om du er unøyaktig.
- Sjå kva himmelretning kursen du har teke ut, ligg i, og sjekk at gradene stemmer med himmelretninga du skal gå.
- NORD vil vere rundt 360 eller 0 grader.
- ØST vil vere rundt 90 grader.
- SØR vil vere rundt 180 grader.
- VEST vil vere rundt 270 grader.
- Ta ut korte kompasskursar.
- maks eit par kilometer, då er det lettare å halde kursen
- Finn eit siktepunkt eller oppfang.
- då er det lettare å halde kursen og vite at du er på rett stad
- Dersom du går lenge utan siktepunkt eller haldepunkt, så sjekk GPS med jamne mellomrom for å forsikre deg om at du er der du trur.
I tåke er det svært vanskeleg å finne fram utan kompass og GPS. Øv deg på å ta ut kompasskurs, slik at du kan det når du treng det. Foto: Anne Wagner, Turlederboka