Reparasjon

Reparasjon etter tur – saum

Reparasjon av friluftslivsutstyr stiller for det meste ingen store krav til symaskin, dei fleste hushaldsmaskiner fungerer fint.

Innhald

Reparasjon av friluftslivsutstyr stiller for det meste ingen store krav til symaskin, dei fleste hushaldsmaskiner fungerer fint. Klede, telt og anna utstyr som vi bruker på tur, er stort sett laga av tynne og lettare materiale som ei vanleg symaskin fint kjem seg gjennom. Har symaskina di rettsaum og sikksakksaum, har du alt du treng til reparasjon.

Nokre tips for eit godt resultat når du syr med maskin

Saumtypar – rettsaum og sikksakksaum

Til reparasjon av klede og utstyr treng du berre å kjenne to saumtypar: rettsaum og sikksakksaum.

  • Rettsaum – den sterkaste og mest brukte saumen
    • Den einaste staden der rettsaum ikkje kan brukast, er i saumar som må strekkje seg, til dømes i tettsitjande plagg som ullundertøy.
  • Sikksakksaum – mindre slitesterk sidan meir av tråden er eksponert mellom kvart sting
    • Den diagonale avstanden mellom stinga gjer at denne saumtypen gir stoffet høve til å strekkje seg. Derfor blir sikksakksaum brukt i stretchstoff.
    • Saumen kan justerast i breidda, så det er òg kjekt å bruke han for å dekkje til hòl.

Stinglengd

På alle symaskiner er det eit lite hjul for å justere lengda mellom kvart sting. Hovudprinsippet er at tynnare stoff treng fleire sting enn tjukkare og sterkare stoff.

  • 1,5–2,5 – tynnare tekstilar, som tynt ytterstoff på tynne dunjakker
  • 2,5–4 – tjukkare tekstilar, som bomulls- og polyesterblandingar
  • 0 (mating for hand) – du må sjølv bevege stoffet gjennom for å bestemme avstanden. Kjekt når du skal tette hòl.

Hjul for å justere lengda på stinga i saumen. Bilete: Lars Peters

Stingbreidd (sikksakk)

Korleis du justerer hjulet for stingbreidda på sikksakksaum, er litt ulikt frå maskin til maskin. Nokre har det innebygd i hjulet der du vel saumtype, ofte frå B (smalast) til C (breiast). Andre maskiner har sitt eige hjul med tal som justerer breidda.

Breidda på sikksakk blir justert mellom B og C. Jo lengre mot C, desto breiare saum. Foto: Lars Peters

Eige hjul for å justere sikksakk-breidda. Høgare tal gir breiare saum. Foto: Lars Peters

Dimensjonar på maskinnåler

StorleikBruksområdeTjukkleik på tråden
70Tynne og lette tekstilar som på dunjakker, tynn teltduk, vindjakker og liknandeTynn tråd / vanleg tråd
80Vanleg bomull og ullTynn tråd / vanleg tråd
90Medium tjukke stoff, bomulls- og polyesterblandingar og så vidare (den mest allsidige nåla)Vanleg tråd
100 – 110 – 120Tyngre tekstilar og fleire lag med stoffTjukk (jeans-)tråd

Storleiken på synåla er inngravert med små tal i nåla eller på eska. Foto: Lars Peters

Sytråd

Det finst mange ulike typar fibrar – naturlege og kunstige. Kunstige fibrar er dei sterkaste om du tenkjer på sytråd i same gram per meter. Det betyr ikkje at naturleg tråd ikkje er brukbar, men at du ofte må litt opp i tjukkleik for å få same styrke på tråden.

  • Bomull

    Bomullstråd er mjuk tråd av naturfiber som finst i mange ulike kvalitetar. Det er nettopp det som gjer det vanskeleg. God bomullstråd, med lange naturfibrar frå planten, kan fint brukast til det meste. Men hald deg til dei kjende merka. Marknaden fløymer over med dårleg bomullstråd (korte naturlege fibrar frå planten) som ikkje held mål til bruk i klede og utstyr.

  • Ull

    Sytråd i ull er litt sterkare enn bomull, ettersom ulltråden har lengre naturlege fibrar enn bomull. Spesielt «ekstra» tjukk tråd kan gi litt isolasjon og ei mjukare flate mot huda. Tråden kan til dømes fint brukast til å sy hòl i ullgenserar for hand. Tynnare tråd, vanleg sytråd, i ull er så tynn at det ikkje er merkbar skilnad på denne og tråd i bomull eller syntetisk silke.

  • Polyester

    Den sterkaste sytråden er laga av ei polyesterblanding. Det finst diverse typar, men dei som er kjernespunnen polyestertråd, er dei sterkaste trådane du kan bruke til maskin- og handsaum. Polyestertråd er det som er mest brukt til klede og utstyr.

  • Nylon

    Nylon er òg ein syntetisk sytråd, akkurat som den sterkare varianten i polyester. Nylontråd er mjukare og meir flossete enn polyestertråd. Om du har valet mellom nylon og polyester, bør du velje polyester. Eit unntak er «bonded» polyester. Dette er tjukk tråd som blir brukt i lêr, segl og tjukke materiale. Han er laga av ein heilt annan type nylon enn tynn sytråd til klede.

Les meir om ulike fibrar: Materialvalg .

Trådspenning

På alle symaskiner kan du stille inn spenninga på overtråden. Trådspenninga regulerer kor mykje tråd som blir brukt på kvart sting. Ved høg trådspenning vil saumen vere strammare: Du får mindre sytråd per sting. Er spenninga låg, er saumen lausare, fordi vi får meir tråd per sting.

Justeringshjul for trådspenning. Foto: Lars Peters

Trådspenninga må stillast inn etter tjukkleiken på sytråden du har valt å sy med, og stoffet du syr på.

Stretch, netting og tynne stoff: Ser du at stoffet rynkar, eller at det er laus tråd på oppsida eller nedsida av stoffet: Slakk eller stram litt på trådspenninga og hald fram på saumen. Dersom det ikkje hjelper: Sjekk om du har trædd sytråden rett gjennom symaskina, både under- og overtråden.

Filmsnutt som viser korleis saumen ser ut ved feil trådspenning, og kva som er løysinga.

  • Indikasjon på rett overtråd på saumen:
    • Rett- og sikksakksaum – overtråden er berre synleg på oppsida av stoffet, og undertråden er berre synleg på undersida.
  • Indikasjon på for stram overtråd på saumen:
    • Rettsaum: Viss stoffet blir trekt saman, spesielt ved tynnare stoff, slik at det blir rynker i stoffet, er spenninga for høg. Undertråden blir dregen opp på oversida.
    • Sikksakksaum: Undertråden blir dregen opp på oversida av stoffet, sikksakkmønsteret er litt ujamt heile vegen.
  • Indikasjon på for slakk overtråd på saumen:
    • Rettsaum: Overtråden lagar små lykkjer på oppsida og blir dregen ned på undersida av stoffet.
    • Sikksakksaum: Overtråden blir dregen ned på undersida av stoffet, sikksakkmønsteret er litt ujamt heile vegen.

Reparasjonar med symaskin eller for hand

Untitled