Reparasjon

Meir om reparasjon og vedlikehald

På nettet kan du finne oppskrifter på det meste av reparasjonar. Men det kan vere greitt å få litt hjelp, triks og råd dei første gongene du skal prøve deg på symaskin til dømes.

På nettet kan du finne oppskrifter på det meste av reparasjonar. Men det kan vere greitt å få litt hjelp, triks og råd dei første gongene du skal prøve deg på symaskin til dømes. Bibliotek, frivilligsentralar og ulike organisasjonar set av og til opp reparasjonskveldar som du kan melde deg på.

Sykveld

Det er òg mogleg å ha ein sykveld som ein del av faget friluftsliv. Då kan de reparere telt og anna av skulen sitt utstyr som treng reparasjon og vedlikehald, i tillegg til at du kan fikse ditt eige utstyr. Og kanskje du kan prøve å sy deg fotposar til vinterturen?

Fotposer

Forslag til vedlikehaldsoppgåver

  1. Gjennomfør enkelt vedlikehald av telt.
    1. Sjekk at stengene er heile.
    2. Byt strikk dersom strikken som held saman stengene, er slakk.
    3. Sjekk at det ikkje er knutar på bardunane. Har dei knutar, knyt dei opp.
    4. Surr saman og knyt opp éin og éin bardun, slik at dei ikkje surrar seg i kvarandre.
    5. Sjekk teltet for rifter.
    6. Sjekk at glidelås, stormklaffar og bardunar er heile og utan skadar.
    7. Sjekk at pluggane er heile. Rett ut skeive pluggar og fyll på med fleire pluggar om det er for få.
  2. Ta med skosmurning på skulen og impregner eigne sko.
  3. Arranger ein sykveld.
    • Reparer turtøy som har fått rifter og skadar.
  4. Gå gjennom brennarar og sjekk at alt fungerer.
    • Sjekk at brennarane brenn reint, og at flammen kan regulerast.
    • NB! Dette må gjerast ute.

Artiklar med tips og triks til reparasjonar og vedlikehald

Fiks alt - alltid - Den Norske Turistforening

Ta vare på

Bykuben - ByKubens syskole | Facebook

Hvordan sy med nål og tråd, en guide i håndsøm fra Sømsenteret

Clothing Repair

Moro med synleg reparasjon

Ta vare på klær og tilbehør

Hvordan fjerne stearin fra klærne?

Reportasjar om forbruk og reparasjon av turutstyr

Nordmenn bruker 15 milliarder i året på sportsutstyr

Bærekraftig klesbransje: Reparasjon - Ekko - samfunnspodden - NRK Radio

Bærekraftig klesbransje: Plastklær - Ekko - samfunnspodden - NRK Radio

Sats på gjenbruk i Friluftslivets uke!