Førstehjelp
Nedkjøling
Nedkjøling (hypotermi) er når ikkje berre huda er påverka av kulde, men heile kroppen blir kald tvers gjennom.
Nedkjøling (hypotermi) er når ikkje berre huda er påverka av kulde, men heile kroppen blir kald tvers gjennom. Hypotermi er når kjernetemperaturen kjem under 35 grader (Fauske & Bruland, 2019, s. 113). Derfrå er hypotermi delt inn i ulike stadium. Den viktigaste kunnskapen å ta med seg her, er korleis du førebyggjer nedkjøling, og korleis du skal oppdage kalde personar og behandle ein nedkjølt person.
Førebyggje nedkjøling
Det er viktig å sjå til at du har passe mykje klede på deg. For mykje klede gjer at du sveittar og blir våt, noko som gjer deg utsett for nedkjøling i stopp og pausar. For lite klede gjer at du kan kjølast ned langsamt, nesten utan å merke det. Gode tips for større grupper er å ta rikeleg med «tekniske pausar», slik at alle i gruppa kan justere påkledninga, og dessutan å kle på seg godt med varme klede i pausane, slik at ingen blir kalde.
Oppdage nedkjøling
Ver spesielt merksam dersom nokon i gruppa verkar irritable, eller unormalt stille eller tilbaketrekte i stopp eller pausar – dette kan vere tidlege teikn på nedkjøling. Det same gjeld dersom nokon er ustø i gongen, ikkje et godt i matpausane, eller du ser at personen skjelv eller hakkar tenner.
Behandle nedkjølte personar
- Ein nedkjølt person bør så fort som mogleg skjermast mot kulda, og helst takst inn i eit varmt miljø. Finn fram vindsekken, set opp teltet eller søk ly i ei hytte.
- Legg personen i ein sovepose. Kan du ikkje søkje ly, følg prinsippa for å forhindre varmetap som du lærte under Førebygging av varmetap.
- Dersom personen er vaken, kan du gi varm mat og drikke.
- Om du er i eit telt eller ein vindsekk, kan du bruke ein gassbrennar for å varme opp lufta, men sørg for lufting.
- Om du har ei vassflaske som toler varmt vatn, kan du tekkje ho med tøy og bruke ho som varmeflaske.
(Fauske & Bruland, 2019, s. 116–121)