Førstehjelp

Førstehjelpsutstyr

Artikkel frå Snuitide om friluftsliv.

Innhald

Følgjande utstyr skal ALLTID vere med på tur

  • medisinsk utstyr – førstehjelpspakke
  • leatherman (eller tilsvarande)
  • mobiltelefon
  • liggjeunderlag
  • nødbivuakk (vindsekk/jervenduk/søppelsekker)
  • varme klede

Det er viktig å alltid ha med varme klede, liggjeunderlag og dessutan ein nødbivuakk for å hindre sterk nedkjøling (hypotermi) av skadde personar. I tillegg skal mobiltelefon, satellittelefon, SPOT, InReach eller liknande vere med, så det er mogleg å varsle om skade.

Forslag til innhald i førstehjelpspakker (tur)

Dette er eit forslag til innhald i førstehjelpsskrin for kortare turar (under ei veke). På lengre turar bør du ha med meir utstyr.

Instrument

1 stk. saks

1 stk. pinsett

2 stk. hanskar – kan sløyfast

Bandasje og sårbehandling

  • 2 stk. sterile kompressar 10 x 10 cm

    Store «plaster» utan lim som er heilt reine. Blir brukte på store sår.

  • 1 stk. enkeltmannspakke

    Bandasje med trykkelement for å leggje press på større blødingar.

  • 1 stk. støttebandasje (kraftig type)

    For å få kompresjon på foten ved overtråkk.

  • 5 stk. strips

    Til kutt som «gapar», for å lukke såret.

  • 5 stk. plaster

    Til småsår.

  • 2 stk. 5 x 5 cm plaster

    Til litt større sår. Blir festa med til dømes sportsteip eller gasbind.

  • 1 stk. gasbind elastisk

    Kan brukast til å bandasjere rundt ei bløding eller til å stappe i sår som blør mykje.

  • 1 stk. sportsteip

    Kan brukast til det meste – alt frå gnagsår til ein vond ankel, tommel eller liknande som treng ekstra støtte.

  • 1 pk. gnagsårplaster

    Til gnagsår.

  • 5 stk. sårrens – kan sløyfast

    Blir brukt til å vaske sår. Har du tilgang på reint vatn, kan du bruke det i staden.

Døme på innhald i ei førstehjelpspakke. Foto: Gina Wigestrand

Brannskade

  • 1 stk. brannbandasje (hydrogel)

    Til å ta på mindre, overflatiske brannskadar som førstegradsforbrenning.

  • 1 stk. 10 cm-rull plastfolie (sjå bilete) Bildebehov

    Forbinding til større brannskadar. Plastfolien klistrar seg ikkje til brannskaden, held på fukta og sørgjer for at såret blir halde reint.

Medikament og salvar

  • 1 brett Paracet (500mg)

    • febernedsetjande • smertelindrande • verkar godt mot hovudpine

  • 1 brett Ibux (400 mg)

    • betennelsesdempande • febernedsetjande • smertelindrande

  • 1 stk. Xylocain-salve

    Lokalbedøvande salve som dempar smerter frå mellom anna insektstikk, brennesle og brennmanet.

  • 1 stk. antibakteriell salve (Bacimycin eller sinksalve)

    Blir brukt til å halde sår reine.

Tips

  • Legg innhaldslista i førstehjelpsskrinet, slik at det er lett å krysse ut kva som blir teke ut – og dermed sikre eit komplett førstehjelpsskrin til kvar tur.
  • Kjøp vasstette posar og fyll med innhald sjølv.
  • Kjøp eventuelt billige førstehjelpsskrin og suppler med det som manglar (og ta ut det du ikkje treng).

Døme på vasstette posar som kan brukast til førstehjelpsutstyr. Foto: Gina Wigestrand

Aktuelt ved lengre turar

  • sutursett (for å sy sår)
  • sterke smertestillande
  • spjelkeskinne (til spjelking av brot)

Spjelkeskinne. Foto: Gina Wigestrand

Anna tryggingsutstyr det er lurt å ha med

  • tampong – til å få fyr på bålet eller bruke til å stoppe blødingar med
  • tau 4–6 mm, 5 m – kan brukast til det meste
  • hovudlykt – gjer at eventuelle leitemannskap finn deg i mørkeret
  • fløyte – påkallar merksemd
  • stormfyrstikker/stormlighter – viss det blæs mykje
  • ziplock-pose – kan brukast til nedkjøling eller skylje sår

Tips til kjøp av førstehjelpsutstyr

Det finst fleire billige førstehjelpssett å få kjøpt – både på apotek, i butikkar som sel utstyr til bil og heim, og i friluftsbutikkar. Felles for dei fleste setta er at mykje av innhaldet bør takast ut og erstattast. I tillegg manglar som regel sportsteip, strips og skikkeleg støttebandasje. Det er derfor ikkje nødvendig å kjøpe det dyraste settet. Du kan òg gjerne kjøpe lause delar og ein vasstett pose som fungerer som førstehjelpsskrin.

Tekst

Gina Wigestrand, Snuitide (2021)