Bål

Mat på bål

Pagodebål er perfekt til matlaging. Bålet er stabilt, og gryter kan lett settast rett på bålet. Lær å lage mat over open eld.

Pagodebål, som vist på filmen, er perfekt til matlaging. Bålet er stabilt, og gryter kan lett setjast rett på bålet.

Bål er ei praktisk varmekjelde når vi skal lage mat til mange. I tillegg gir det varme og hygge til dei som sit rundt. Bål gir masse varme, og vi kan justere varmen på matlaginga ved å plassere gryter og panner i ulik avstand frå bålet. Den beste varmen får du frå glørne. Du kan hengje gryta på ein pinne over bålet og justere avstand og varme på den måten. Ei rist eller ein flat stein kan brukast som steikjepanne over bålet.

Ei ulempe med bål er at du må ha tilgang på ved og ein eigna plass. Du må òg vurdere brannfare.

Koke vatn på bål. Foto: Gina Wigestrand

Båltypar til matlaging

Untitled

Oppskrifter på bålmat

Untitled

Nettsider med fleire oppskrifter på bålmat

Hovedside - Turmat.no

Mat på bål | Eventyrgutten

Fem tips til god og enkel mat på bål - Norsk Friluftsliv

UTEMAT - MATEN SMAKER BEDRE PÅ TUR

Mat på bål


Tekst

Hilde Grøtte, Snuitide (2022)