Friluftslova

Dette seier allemannsretten om ulike aktivitetar

Artikkel frå Snuitide om friluftsliv.

Innhald

Kvar kan eg gå tur?

Du kan gå fritt kvar du vil i utmark, så lenge det skjer på ein omsynsfull måte. Plikta til å ferdast sporlaust og ikkje gjere unødig skade på terrenget eller forstyrre dyrelivet gjeld alltid når vi ferdast i naturen. På innmark er reglane slik at du kan gå tur på vegar og stiar, så lenge du held god avstand til hus, hytter, hagar og gardstun. Du kan òg gå over frosen eller snødekt åker og eng i perioden 15. oktober til 29. april. Les meir om ferdsel på nettsidene til Miljødirektoratet.

Kvar og når kan eg tenne bål?

Du har generelt ikkje lov til å gjere opp eld i eller i nærleiken av skogmark i perioden 15. april til 15. september. Blir det ikkje gjort på forsvarleg vis, er sjølv eingongsgrilling i parken ulovleg. Å tenne bål i strandkanten er derimot innanfor, så lenge du ikkje skader underlaget og forårsakar brannfare. Strengare lokale reglar kan òg finnast. Les meir om å tenne bål på nettsidene til Miljødirektoratet.

Foto: Gina Wigestrand

Foto: Gina Wigestrand

Kvar kan eg setje opp teltet og hengjekøya?

Du har lov til å telte i utmark utan samtykke frå grunneigaren, så lenge du ikkje forstyrrar freden til bebuarane. Teltet og hengjekøya må plasserast minst 150 meter frå hus og hytter det bur folk i, og kan maksimalt stå oppe i to døgn, med mindre du får samtykke frå grunneigaren til å bli der lenger. Slår du opp telt på høgfjellet eller i eit område fjernt frå busetnad, gjeld ikkje tidsavgrensinga på to dagar. Les meir om telting og hengjekøyer i naturen på nettsidene til Miljødirektoratet.

Kva er reglane for jakt og fiske?

Alt fiske i sjøen som går føre seg frå land, blir definert som fritidsfiske og kan utøvast fritt. Det same gjeld fiske som går føre seg frå fritidsbåt. Når du fiskar, kan du fritt bruke handreiskapar som fiskestong eller -snøre. Fiskar du med teiner eller ruser, kan du maks nytte 20 teiner samtidig. Skal du fiske etter torsk med garn, kan garnet maks ha ei samla lengd på 165 meter. For mange artar, som torsk, gjeld reglar om minstemål. I periodar av året er det også fiskeforbod på visse artar. Les meir om fiskereglane på nettsidene til Miljødirektoratet.

/IMG_3476.jpg)

Fjellrype. Foto: Gina Wigestrand

For å kunne jakte må du bestå ein jegerprøve og dessutan skaffe deg jaktkort. Jakt og fiske i ferskvatn og vassdrag inngår ikkje i allemannsretten.

Som hovudregel er det berre grunneigaren som har rett til det, og det er derfor han som må gi deg løyve. For barn og ungdom under 16 år gjeld derimot eigne reglar. Dei kan fiske fritt i ferskvatn bortsett frå i vassdrag eller delar av vassdrag der det er laks, sjøaure eller sjørøye.

Foto: Gina Wigestrand

Kvar kan eg gå på ski?

Friluftslova slår fast at du kan ferdast til fots heile året, så lenge det skjer på ein omsynsfull måte. «Til fots» inkluderer òg skigåing. Er du deg på innmark, til dømes dyrka mark, og ho er frosen eller snølagd, kan du ferdast der på ski, men ikkje i tidsrommet frå 30. april til 14. oktober. Les meir om skigåing på nettsidene til Miljødirektoratet.

Kvar kan eg sykle?

I utgangspunktet kan du fritt sykle så mykje du vil, både på stiar og vegar i utmark. Har du med deg sykkelen over tregrensa, kan du òg sykle utanfor stiar og vegar. Lokalt kan det vere strengare reglar, til dømes i nasjonalparkar og naturreservat.

Sykling i naturen er omfatta av omsynsregelen, som seier at du skal opptre omsynsfullt og varsamt. Det kan i praksis bety at du til dømes set ned farten når du møter gåande, og at du gjerne hoppar av sykkelen i område der grunnen kan bli skadd. Les meir om sykling på nettsidene til Miljødirektoratet.

Kvar kan eg plukke bær, sopp og andre vekstar?

Du kan plukke ville bær, sopp, blomar og urter i utmark, det er ein del av allemannsretten. Ville nøtter skal plukkast og etast på staden. Bur du i Nordland, Troms eller Finnmark, er det nokre stader lagt ned forbod mot sanking av molter. Set deg derfor alltid inn i lokale reglar.

Allemannsretten gir deg likevel alltid rett til å plukke molter som blir etne på staden. Og dei kjende favorittane som blåbær, markjordbær, tyttebær og bringebær kan du utan unntak forsyne deg raust av, på lovleg vis, over heile landet. Les meir om hausting av naturen på nettsidene til Miljødirektoratet.

Foto: Gina Wigestrand

Kvar kan eg bade?

Heldigvis kan du stort sett hoppe i havet kvar som helst, utan å måtte tenkje på juss. Men reglane for bading og opphald på stranda er strengare enn reglane for ferdsel i same område. Bading skal skje i rimeleg avstand frå hus og hytter der det bur folk. Det finst forresten ikkje noko forbod mot nakenbading, men omsynsregelen i friluftslova seier at ein ikkje skal vere til ulempe for andre. Derfor er det kanskje greitt å ta på seg badetøy. Les meir om bading på nettsidene til Miljødirektoratet.

Kvar kan eg padle, ro og segle?

Foto: Gina Wigestrand

Allemannsretten seier at du kan padle fritt på sjøen, på innsjøar og i elvar. For kortare tid, inntil 24 timar, kan du dra båten opp på ei strandstrekning i utmark, men du må avtale med grunneigaren dersom du ønskjer å ha båten fortøydd over tid. Les meir om ferdsel på vatn på nettsidene til Miljødirektoratet.

Kva er reglane for bandtvang?

I perioden frå 1. april til 20. august er det generell bandtvang, og hunden må gå i band. Nokre stader er det utvida bandtvang, så set deg inn i lokale reglar. Er det ikkje bandtvang, kan hunden gå laus, men eigaren må likevel ha kontroll over hunden. Les meir om bandtvang på nettsidene til Miljødirektoratet.

Kvar kan eg ri?

Er du og hesten ute på tur, er det viktig at de held dykk til vegar og stiar i skogen. På fjellet, over tregrensa, har du òg lov til å ri utanfor stiane. Som ryttar må du likevel vise omsyn når du rir i det fri, og passe på at ferdselen til hesten ikkje gjer skade på naturen eller miljøet. Nokre kommunar, til dømes Oslo og Bergen, har strengare reglar for riding. Les meir om riding på nettsidene til Miljødirektoratet.

Foto: Gina Wigestrand


Tekst: Norsk Friluftsliv (2021), omarbeidd av Gina Wigestrand, Snuitide (2022)