Vêr og vêrvarsel

Vind og effekten av vind

Den følte temperaturen, eller vindavkjølingsindeksen, er den temperaturen vi måtte hatt i vindstille forhold for å oppleve den same kulda som ved dei eksisterande vind- og temperaturforholda (Meteorologisk institutt, u.

Innhald

Effektiv temperatur

Den følte temperaturen, eller vindavkjølingsindeksen, er den temperaturen vi måtte hatt i vindstille forhold for å oppleve den same kulda som ved dei eksisterande vind- og temperaturforholda (Meteorologisk institutt, u.å. a).

. NB! Tabellen er noko forskyvd mellom lufttemperatur og indeks. Les tabellen nøye! Tabell: Meteorologisk institutt](../../Innhold/V%C3%A6r,%20v%C3%A6rtegn%20og%20v%C3%A6rvarsel/Vind%20og%20vindens%20effekt/Skjermbilde_2021-02-19_kl._14.03.24.png)

Tabellen viser korleis vind gjer kjend temperatur kaldare. Dette er på grunn av konduksjon. NB! Tabellen er noko forskyvd mellom lufttemperatur og indeks. Les tabellen nøye! Tabell: Meteorologisk institutt

Fare for forfrysing

Tabellen viser når det er fare for forfrysing, og gir gode råd for å unngå forfrysing. Tabellen er henta frå Meteorologisk institutt (u.å. a).

Effektiv temperaturFaregradVerknad på kroppenGode råd
0 til –10LitaSvakt ubehagKle deg varmt med tanke på utandørstemperaturen.
–10 til –25ModeratUbehageleg. Berr hud kjennest kald. Fare for hypotermi ved lengre opphald utan passande vern.Kle deg varmt. Det er viktig med vindtette ytterplagg. Hugs hovudplagg, skjerf og vottar, og ver i rørsle.
–25 til –45StorFare for forfrysingar. Pass på fingrar, tær og ansikt (spesielt nase og øyre med tanke på kjensleløyse og kvitfarge). Fare for hypotermi ved lengre opphald utan passande vern.Kle deg varmt, helst fleire lag med vindtette ytterplagg. Dekk all berr hud, særleg ansikt og hender. Ha på hovudplagg, vottar, skjerf, gjerne finlandshette. Unngå berr hud mot vinden og ver i rørsle.
–45 til –59EkstremBerr hud kan fryse i løpet av minutt. Kontroller ansikt, armar og bein ofte for kjensleløyse og kvitfarge (forfrysing). Stor fare for hypotermi ved lengre opphald utandørs.Ver varsam! Kle deg svært varmt, fleire lag med vindtett plagg ytst. Dekk all berr hud med passande klesplagg, særleg ansikt og hender. Avgrens utandørs aktivitetar til korte periodar, ver førebudd på å avgrense eller avlyse utandørs aktivitetar. Ver i rørsle heile tida.
–60 og kaldareEkstremUtandørsforholda er livsfarlege, berr hud kan fryse på mindre enn to minutt.Hald deg innandørs.

Så mange minutt tek det å forfryse

.](../../Innhold/V%C3%A6r,%20v%C3%A6rtegn%20og%20v%C3%A6rvarsel/Vind%20og%20vindens%20effekt/skala_forfrysninger.png)

Skalaen viser kor lang tid det tek å forfryse, rekna i minutt. Tabell: Gina Wigestrand, Snuitide, laga på bakgrunn av tabell på yr.no.

FargekodeFaregradMinutt før forfrysing
Stjerne *Veldig litaUsannsynleg med forfrysingar
GråttLita11 —>
LyselillaModerat6–10
RosaStor3–5
LillaEkstrem1–2

Beaufort-skalaen – verknadene av vinden

Beauforts vindskala angir vindstyrke med namn og nummer. Styrkenemningane og fartsintervalla i tabellen refererer til middelverdien i vinden, det vil seie gjennomsnittleg vindstyrke. I ein vidareutvikla versjon av Beaufort-skalaen står det òg kva effekt vi kan forvente at vinden har (Seter og Meteorologisk institutt, 2021).

Vindstyrke i knopNorske nemningarBeaufortMeter per sekundPå fjelletPå sjøenPå land
< 1Stille00,0–0,2Snøfiller daler omtrent rett ned, gjerne i ei pendlande rørsle.Sjøen er spegelblank (havblikk).Røyken stig rett opp.
1–3Flau vind10,3–1,5Kan så vidt merkast. Det er tydeleg at snøfillene driv med vinden.Krusingar dannar seg på havflata.Mogleg å sjå vindretninga ut frå korleis røyken driv.
4–6Svak vind21,6–3,3Kan godt merkast i sterk kulde. Snøfillene beveger seg meir horisontalt enn vertikalt.Små, korte, men tydelege bølgjer med glatte kammar som ikkje brekker.Kan merkast, rører på blada på trea, løftar ein vimpel.
7–10Lett bris33,4–5,4Ein merkar vinden tydeleg, og han kan sjenere. Fallande snø ser ut til å bevege seg mykje raskare horisontalt enn vertikalt.Små, korte, men tydelege bølgjer med glatte kammar som ikkje brekker.Lauv og småkvistar rører seg, vinden strekkjer lette flagg og vimplar.
11–16Laber bris45,5–7,9Er ubehageleg i kaldt vêr og gir merkbar motstand. Fallande snø kvervlar av stad med vinden. Snødrevet mot ansiktet er svært sjenerande.Bølgjene blir lengre. Ein del skumskavlar.Vinden løftar støv og lause papir, rører på kvister og smågreiner, strekkjer større flagg og vimplar.
17–21Frisk bris58,0–10,7Det blir tungt å gå på ski mot vêret. Fokksnø som driv langs bakken, blir kvervla så høgt at synsvidda blir nedsett. Snødrevet piskar i ansiktet.Mellomstore bølgjer som har ein meir utprega langstrekt form og med mange skumskavlar. Sjøsprøyt frå toppane kan finnast.Småtre med lauv begynner å svaie.
22–27Liten kuling610,8–13,8Det er svært slitsamt å ta seg fram mot vêret. Snøfokk reduserer sikta til under 1 km. Vanskeleg å halde ansiktet mot vinden i lengre tid utan vern.
Folk flest bør ikkje leggje ut på tur over snaufjellet ved
denne og høgare vindstyrkar.

| Det begynner å danne seg store bølgjer. Skumskavlane er større overalt. Gjerne noko sjøsprøyt. | Store greiner og mindre stammar rører seg, det kvin i telefontrådane, ein merkar motstand når ein går. | | 28–33 | Stiv kuling | 7 | 13,9–17,1 | I motvind må ein lute seg fram over skia og leggje stor kraft i stavtaka, sjølv på flat mark. Det kan vere vanskeleg å halde seg på beina i vindrosene. Snøfokk reduserer sikta til få hundre meter. Vanskeleg å orientere seg i terrenget. Ein skitur i fjellet ved vindstyrke 7 er ei stor påkjenning for dei fleste. | Sjøen hopar seg opp, og kvitt skum frå bølgjetoppar som brekker, begynner å blåse i strimer i vindretninga. | Heile tre rører seg, tungvint å gå mot vinden. | | 34–40 | Sterk kuling | 8 | 17,2–20,7 | Fjellet står i kok. Kvister og lauv frå trea driv med vinden. Svært vanskeleg å gå på skia. Nesten umogleg å bere skia på nakken. Snøfokk reduserer sikta til under 100 m. Umogleg å orientere seg i terrenget. Svært vanskeleg å følgje sjølv godt kvista løyper. Ikkje legg ut på tur! | Middels høge bølgjer av større lengd. Bølgjekammane begynner å brytast opp til sjørok, som driv i tydeleg markerte strimer med vinden. | Det knekk kvister av trea, det er tungt å gå mot vinden. | | 41–47 | Liten storm | 9 | 20,8–24,4 | Vind og snøfokk gjer det umogleg å ta seg fram på ski over fjellet. Sjølv i klarvêr og lite snøfokk kan påkjenninga bli så stor at ei snøhòle eller hytte er einaste redning. | Høge bølgjer. Tette skumstrimer driv i vindretninga. Sjøen byrjar å «rulle». Sjøroket kan minske synsvidda. | Heile store tre svaiar og hiv, takstein kan blåse ned. | | 48–55 | Full storm | 10 | 24,5–28,4 | Denne og høgare vindstyrkar vil dei fleste aldri komme ut for. Tre veltar over leidningar for telefon og straum. Det knakar i tømmerveggar. Lette småhus blir rivne av grunnmuren. | Svært høge bølgjer med lange overhengande kammar. Skummet driv med vinden i tette, kvite strimer, så sjøen blir sjåande kvitaktig ut. Rullinga blir tung og støytande. Synsvidda blir nedsett. | Sjeldan inne i landet, tre blir rykte opp med rota, stor skade på hus. | | 56–63 | Sterk storm | 11 | 28,5–32,6 | Vegar og jernbanelinjer blir blokkerte. Det er kaos på telefon- og straumnettet. Skog blir rasert. | Ualminneleg høge bølgjer (små og mellomstore skip kan for ei tid forsvinne i bølgjedalane). Sjøen er fullstendig dekt av lange kvite skumflak som ligg i vindretninga. Overalt blæs bølgjekammane til frodeliknande skum. | Svært sjeldan, blir følgt av store øydeleggingar. | | > 63 | Orkan | 12 | > 32,6 | Dersom busetnad blir ramma, blir det ein naturkatastrofe som gjerne vil krevje fleire menneskeliv. | Lufta er fylt av skum og sjørok som reduserer synsvidda betydeleg. Sjøen er fullstendig kvit av drivande skum. | Uhyre sjeldan. Uvanleg store øydeleggingar. |

(Seter og Meteorologisk institutt, 2021)