Snøskred
Snødekket
Snødekket er den mest kompliserte faktoren å vurdere når det gjeld snøskred (Fredston & Fesler, 2011).
Innhald
Snødekket er den mest kompliserte faktoren å vurdere når det gjeld snøskred (Fredston & Fesler, 2011).
Vi skal likevel gå litt inn på tematikken, for det kan vere nyttig å forstå kvifor og når vi skal unngå snøskredterreng. I denne samanhengen tenkjer vi mest på å unngå å vere i utløp for snøskred. Vi kan gå nede i ein dal og utsetje oss for utløp frå terrenget over oss. Vidare skal vi sjå på fem skredproblem.
Snøskredproblem
Hovudmålet med å forstå snøskredproblem er å få hjelp til å kjenne igjen farlege situasjonar og dermed unngå trøbbel. Snøskredproblema fortel deg kva oppbygging snødekket har, og kva snøtypar som mest sannsynleg kan få eit snøskred til å losne.
Snøskredterreng + snøskredproblem = farleg
Viss du vil gå i snøskredterreng, må du passe på at det ikkje finst eit snøskredproblem i/eller over området du planlegg å ferdast i. Nokre snøskredproblem kan du lære deg å kjenne igjen gjennom opplæring. Andre snøskredproblem er skjulte under overflata, og det er umogleg å vite sikkert kvar dei er, sjølv for ekspertar.
Snøskredvarsel
Snøskredproblem i området du ferdast i, kan du finne på snøskredvarslinga i appen Varsom Regobs.
Les meir om korleis du bruker snøskredvarselet.
Slik ser appen ut (Varsom).
Snøskredproblem
(Oppslaga finst førebels berre på bokmål.)
Fareteikn knytte til skredproblem
Fareteikn eller alarmteikn er som regel signal om at det er betydeleg ( skredfare 3) eller større snøskredfare. Fareteikn kan òg hjelpe deg til å bestemme kva skredproblem som er til stades.
- Drønnelyder i snøen
- Skytende sprekker
- Ferske snøskred
- Ferske glidesprekker
- Fersk vindtransportert snø
- Stort snøfall
- Rask temperaturstigning
- Mye vann i snøen
(Oppslaga finst førebels berre på bokmål.)
Tekst
- Linda Hallandvik, Snuitide (2022)
- Der det ikkje er oppgitt noko anna, kjem alle bilete og filmar frå nettsidene til Varsom.no.