Overnatting

Andre typar overnatting ute

Å overnatte med himmelen som tak passar best når det er opphald og ikkje for mykje vind. Det er òg ein fordel at ikkje myggen er for plagsam. Skogen kan vere ein trygg stad å starte (Pettersen, 2020).

Under open himmel

Å overnatte med himmelen som tak passar best når det er opphald og ikkje for mykje vind. Det er òg ein fordel at ikkje myggen er for plagsam. Skogen kan vere ein trygg stad å starte (Pettersen, 2020).

Finn ein flat stad å leggje liggjeunderlaget, finn fram soveposen og legg deg oppi. Det er lurt å ha alle tinga pakka saman og ein presenning lett tilgjengeleg i tilfelle det kjem regn eller snø.

Du treng: liggjeunderlag, sovepose og soveposetrekk.

Foto: Gina Wigestrand, Snuitide

Under ein steinheller

Foto: Gina Wigestrand, Snuitide

Å sove under ein steinheller er ein tradisjonell måte å overnatte på som blei mykje brukt av jegerar og gjetarar før. Sjølv i dag blir ein del hellerar brukte i samband med sauesanking. Nokre steinhellerar har knapt plass til éin person, medan andre har plass til ein heil skuleklasse. Sjekk at helleren har eit relativt vassrett golv, og at det er ikkje dryp for mykje frå taket når det regnar. Utfordringa med denne overnattingsforma er å finne ein steinheller. Ofte er dei vanskelege å få auge på.

Du treng: liggjeunderlag, sovepose og soveposetrekk. Ta gjerne med ein plastpose eller liknande til å leggje på bakken, sidan bakken kan vere litt skiten.

Det er ofte større plass inni enn det ser ut som frå utsida. Foto: Gina Wigestrand, Snuitide

Foto: Gina Wigestrand, Snuitide

Inngangen kan mange gonger vere vanskeleg å sjå. Foto: Gina Wigestrand, Snuitide